Ofte stilte spørsmål
Søk eller bla gjennom svara på det kundane våre spør oss om oftast. Finn du ikkje det du leitar etter, ta kontakt med kundeservice.
Internett
Hardanger Energi Breiband leverer internett og TV frå Telia med Telia play til husstandar i Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin. Me leverer internett via fiber, antenne eller kabel-TV. Det varierer i området vårt kva type tilkopling og fart me kan levera. Med fiber kan me tilby abonnement med fart frå 100 Mbit til 1000 Mbit. Med antenne eller kabel-TV kan me tilby fart frå 50 Mbit til 80 Mbit, avhengig av kva type sendar som er i ditt nærområde. Me har eigne fritidsabonnement for hytter og registrerte fritidsbustadar. Me tilbyr òg gunstige pakkeløysingar for internett + TV. Du kan sjekka ut pakkeprisane våre på heband.no.
Fritidsabonnement gjeld berre for hytter og fritidsbustader. Abonnementet er for eigedomar som ikkje blir brukte som heilårsbustad eller til næring, og det er tilpassa variabel bruk i feriar og helgar.
Du kan bestilla internett og TV på våre nettsider. Er du usikker på kva type tilkopling me kan tilby? send ein e-post til post@heband.no. Så svarer me så snart som mogleg.
Når me snakkar om farten på internett, handlar det om kor raskt data kan bli overført. Mbit står for megabit per sekund, og det fortel deg kor raskt du kan lasta ned og overføra data. Jo høgare Mbit/s, jo raskare er internettet ditt. Vel den hastigheita som passar dine behov best.
Om du opplever tregt eller ustabilt nett er det fleire moglege årsaker til det. Før du kontakter oss er det nokre tiltak du kan prøva. Les gjerna om trådlaust nett her, då det ofte er årsaken til at du opplever tregt nett.
- Start rutaren og modemet på nytt: Ofte kan ein enkel omstart av rutaren og modemet løyse mange problem med tregt nett. Slå av rutaren (eventuelt antenna om du har det), vent ei stund, og slå dei på igjen.
- Plassering av rutaren: Forsikra deg om at rutaren din er plassert sentralt i heimen din, og at den ikkje er blokkert av hindringar som vegger eller møblar. Ideelt sett bør rutaren plasserast i eit opent område, vekke frå elektroniske apparat som kan forstyrre signalet. Du kan lese meir om trådlaust nett/WiFi i vårt kundesenter.
- Bruk kabel: Om du kun nyttar trådlaust nettverk, er det lurt å bruke nettverkskabel på einingar som har moglegheit for ei kabla tilkopling. Dette gjeld spesielt einingar som du brukar mykje og som kan nytte mykje båndbreidde. Døme på einingar: PlayStation, Xbox, stasjonær-PC, SmartTV, AppleTV og TV-dekoder.
- Ta ein test av nettfarten: Gjer ein test av nettfarten ved hjelp av ein påliteleg nettstad eller app for å måle nedlastings- og opplastingshastigheita di, til dømes her: Nettfart.no. Dette vil gje deg ein indikasjon på kor raskt internettet ditt eigentleg er. Du kan lese meir om korleis gjennomføre ein påliteleg test av nettfarten her.
- Sjå om noko forstyrrar: Flytt smart-hus-einingar til eit eige gjestenett. Desse kan tidvis forstyrre «vanlege» einingar.
- Har du nok fart? Nok fart i nettet er avgjerande for saumlaus nettbruk og effektiv dataoverføring. Om du opplever at nettet stoppar opp, kan det hende du ikkje har nok fart i nettet. Då bør du vurdere å auka abonnementet ditt. Du finn oversikt over alle våre abonnement og prisar på våre nettsider. Lurer du på om du har nok fart i nettet, kan du kontakte oss. Me kan sjå statistikk over kor mykje data som blir brukt.
Om du er utan nett, kan du prøve følgjande:
- Gå inn på våre nettsider under driftsmeldingar status.heband.no og sjå om me har feil i vårt nett eller driv med arbeid som kan gjere at du ikkje har nett akkurat no.
- Sjekk om du har straum/lys på utstyret ditt! Dersom du har nett via antenne, skal det vere lys både på straumforsyninga (om du har eigen til antenna) og ruteren. Har du fiber frå oss, skal det vere lys på heimesentralen og på ruteren (om du har ruter i tillegg). Ofte kan det vere at ein sikring har gått, som gjer at du ikkje har straum på utstyret og dermed ikkje har nett.
- Slå av straum på alt utstyret ditt og vent litt før du slår på straumen att.
- Ta omstart på PC eller anna utstyr som er tilkopla nettet.
Har du framleis ikkje nett, kan du kontakte oss på vårt telefonnummer 53 66 53 00.
På kvardagar mellom kl. 15.30 og 22.00, og i helger mellom kl. 10.00 og 15.00, må du leggje igjen ei melding. Vakta vil då ta kontakt med deg så snart som mogleg.
Du kan òg nå oss via e-post eller vårt kontaktskjema. Utanom arbeidstid kan det vere noko redusert responstid, men me vil svare deg så raskt som mogleg. post@heband.no
Trådlaust nettverk, eller WiFi, gjer det mogleg å kopla til internett utan å bruka fysiske kablar. Dette gjer det enkelt å kopla til ulike einingar som datamaskinar, smarttelefonar, nettbrett og smart heimeutstyr som er utstyrt med trådlaus teknologi.
Når du nyttar WiFi, er det viktig å vera oppmerksam på nokre faktorar som kan påverka signalet og ytelsen til nettverket ditt. Desse inkluderer avstand til ruteren eller heimesentralen, hindringar som veggar eller møblar, og eventuelle forstyrringar frå andre elektroniske apparat i nærleiken. Alder og begrensningar på utstyret du brukar kan også vere ein faktor og årsak til at du opplever tregt nett. Til dømes kan ein telefon ha maksfart som er lågare enn den farten du får på PC-en din, eller omvendt.
Nyare ruterar støttar ofte både 2,4 GHz og 5 GHz frekvensband, noko som kan gi betre trådlaus ytelse. 2,4 GHz-bandet har lengre rekkevidde og er godt eigna til å nå gjennom veggar og hindringar, men kan ofte bli meir påverka av forstyrringar frå andre trådlause einingar. 5 GHz-bandet gir høgare fart og er ideelt for strøyming av video, onlinespel og andre datakrevjande oppgåver, men har kortare rekkevidde. Eldre ruterar støttar som regel berre 2,4 GHz, noko som kan føre til lågare hastigheit og meir forstyrringar i nettverket. Dersom du har ein eldre ruter, kan det difor vera lurt å oppgradera til ein nyare modell som støttar begge frekvensbanda. På den måten kan du utnytte fordelane med raskare og meir stabilt trådlaust nett i heimen.
Dersom du opplever problem med ditt trådlause nettverk, kan du prøve følgjande tips:
- Plasser ruteren på ein sentral stad i heimen din for best mogleg dekning.
- Unngå plassering nær metallgjenstandar eller elektroniske apparat som kan forstyrre signalet.
- For sentrale einingar som har behov for godt signal og høg fart, bør du vurdere å bruke nettverkskabel i staden for trådlaus tilkopling.
- Om ein framleis opplever problem med WiFi dekninga i heimen, kan ein vurdera å installera eit mesh WiFi system. Les meir om mesh WiFi her.
Mesh WiFi er eit trådlaust nettverkssystem som nyttar fleire tilgangspunkt, plasserte rundt i heimen, hytta eller kontoret, for å forbetra dekninga og stabiliteten til det trådlause signalet. Desse tilgangspunkta kommuniserer med kvarandre og sørgjer for at du kan få ein påliteleg tilkopling og betre dekning i heile huset. Mesh WiFi-system gjer det enkelt å utvida nettverket etter behov ved å leggja til fleire tilgangspunkt, og dei kan administrerast gjennom ein app for enkel brukarstyring.
I store hus eller heimar med mange rom kan det vera behov for ekstra dekning av WiFi. Hardanger Energi Breiband leverer eero mesh WiFi. Opplev den ultimate trådlause nettverksløysinga med eero! Kombiner kraftig ytelse, enkel installasjon og utmerkt dekning for å skapa stabil tilkopling i heile heimen din. Med eero kan du enkelt utvida nettverket ditt etter behov. Oppgrader til eero i dag for 49,- kr/mnd pr. tilgangspunkt. Kr 449,- i etablering (Ved levering av eero blir det eine tilgangspunktet sett som ruter. Har du allereie ruterleige, vert dette punktet levert utan ekstra leige).
Om du har behov for å endra namnet på ditt trådlause nett (SSID) og/eller passord, varierer framgangsmåten avhengig av kva ruter du har.
I mange tilfelle er det enklaste for deg som kunde å ta kontakt med oss, så hjelper me deg med dette. Du kan nytta vårt supportskjema eller sende ein e-post med dei ønskte endringane. Me vil då oppdatere ruteren din for deg og gi deg tilbakemelding når det er gjort.
Om du har eero som ruter, kan du enkelt gjere desse endringane sjølv i eero-appen. Her er framgangsmåten:
- Opne eero-appen på mobilen eller nettbrettet ditt.
- Trykk på Innstillingar (Settings) nede til høgre.
- Under Wifi name & password kan du endre både namnet på nettverket ditt (SSID) og passordet.
- Når du har gjort endringane, trykk på Lagre (Save) for å bekrefte.
Etterpå vil nettverket ditt bli oppdatert med dei nye innstillingane. Hugs at du må oppdatere alle einingar som er kobla til nettverket med det nye passordet dersom dette er endra.
Dersom du treng hjelp, står me klare til å hjelpa deg!
Ein speedtest er ein måte å måla nettfarten din på. Dette er nyttig for å sjå kor raskt internettet ditt verkar. Det er mange faktorar som spelar inn på målingane, spesielt ved test over det trådlause nettet.
Anbefaler på det sterkaste at du nyttar ein nettverkskabel mellom ein PC og ruter når du skal gjennomføra ein test av nettfarten. Sjå også til at det ikkje er anna bruk i nettet samtidig.
- Gå til ein nettstad som tilbyr speedtest-tenester: https://www.speedtest.net/ - https://www.nettfart.no/nb/test - https://fast.com/nb/
- Klikk på startknappen for å starta testen.
- Testen vil måla farten på nedlastinga di, som viser kor raskt du kan lasta ned data frå internettet.
- Deretter måler den farten på opplastinga, som viser kor raskt du kan senda data til internettet.
- Til slutt vil testen gje deg resultatet ditt i megabit per sekund (Mbit/s) for både nedlasting og opplasting.
Det er ikkje alltid at resultata av slike testar er riktig. Så anbefalar at du utfører fleire testar, gjerne frå ulike leverandørar.
Når du har resultata, kan du samanlikna dei med farten du har i abonnementet ditt. Om resultata er lågare enn forventa, kan det henda du treng å ta grep for å forbetra nettfarten din, som å endra til eit raskare abonnement eller sjekka om det er tekniske problem med nettverket ditt. Ta kontakt med oss om du meiner du ikkje får den nettfarten du skal ha, så skal me gjera det me kan for at du skal få så raskt nett som mogleg.
How to Test Your Internet Speed
A speed test is a way to measure your internet speed. This can be useful to check how fast your internet connection is performing. Keep in mind that several factors can affect the results, especially when testing over a wireless network.
We strongly recommend using a network cable between your PC and router when performing a speed test. Also, make sure there is no other activity on the network at the same time.
- Visit one of the websites that offer speed test services:• https://www.speedtest.net/
- https://www.nettfart.no/nb/test
- https://fast.com/nb/
- Click the start button to begin the test.
- The test will first measure your download speed, which shows how fast you can receive data from the internet.
- Next, it measures your upload speed, which indicates how fast you can send data to the internet.
- Finally, the test provides your results in megabits per second (Mbit/s) for both download and upload speeds.
Please note that these test results are not always 100% accurate. We recommend running multiple tests, preferably from different providers, to get a better overview.
Once you have your results, you can compare them to the speed included in your subscription. If the results are lower than expected, you may need to take steps to improve your internet speed—such as upgrading to a faster plan or checking for technical issues with your network.
If you feel you’re not getting the speed you’re paying for, please don’t hesitate to contact us. We’ll do our best to ensure you get the fastest internet connection possible.
eero mesh – Neste generasjon WiFi for ditt heimenettverk
Med eero får du eit kraftig og påliteleg mesh WiFi-system som sikrar optimal dekning i heile huset. Dette systemet støttar den nyaste WiFi 6-teknologien, som gir raskare hastigheiter, betre kapasitet, og minimal forstyrring, sjølv i heimar med mange tilkopla einingar.
Teknisk fakta om eero:
- Dual-band WiFi: Støttar 2,4 GHz, 5 GHz,
- Hastigheiter opptil 1,3 Gbps: Med støtte for gigabit-hastigheiter på opptil 1,3 Gbps, kan du nyte sømlaus strøyming, raske nedlastingar, og låg forsinking ved online gaming.
- Dekning: Kvar eero eining dekkjer opptil 140 m², og systemet kan enkelt utvidast med fleire einingar for større heimar.
- Kapasitet: Støttar opptil 75 tilkopla einingar per eero-eining, noko som er ideelt for smarthus med mange einingar.
- Ethernet-porter: Kvar eero har to Ethernet-porter for tilkopling av kabla utstyr som PC-ar, spelkonsollar, eller nettverksswitchar.
Fordelar med eero mesh:
- Appstyring: Appstyring av eero gjer det enkelt å administrera heimenettverket ditt direkte frå mobilen. I eero-appen kan du raskt sjå internetthastigheita, køyra feilsøking og leggja til nye einingar med nokre få trykk. Du kan òg setja opp eit gjestenettverk, pausa internett for bestemte einingar og få full oversikt over kva som er tilkopla til ei kvar tid.
- Heildekkande WiFi: Mesh-nettverket gir saumlaus dekning, slik at du får eit stabilt og raskt nett uansett kvar du er i huset.
- Fleire tilkopla einingar: eero handterer enkelt mange tilkopla einingar samtidig, noko som er perfekt for husstandar med smart-TV, spelkonsollar, telefonar, datamaskinar og smarthus-utstyr.
- Enkel utviding: Systemet er enkelt å utvida med fleire eero-einingar etter behov. Tilleggsutstyret kan enkelt leggjast til og administrerast gjennom den brukervennlege eero-appen.
- Sikker og stabil tilkopling: eero gir deg sikker og stabil tilkopling med støtte for WPA3, den nyaste sikkerheitsstandarden for WiFi.
Perfekt for heimen din Enten du strøymer TV, spelar online, jobbar heimanfrå, eller har eit smarthus med mange tilkopla einingar, vil eero gi deg den ytelsen og dekninga du treng. Med enkel installasjon og kontinuerleg oppdatering av programvaren, er eero det ideelle valet for moderne heimar som krev raskt og påliteleg internett i kvar krik og krok.
Bestill her!
Zyxel AM3100-B0 er ei fibersentral som gir høghastigheits internett via fiber. I tillegg har ho ein enkel foreldrekontrollfunksjon.
For å administrera innstillingane, kan du følgja desse stega:
- Tilgang til administrasjonsgrensesnittet:
- Koble ei datamaskin til ein av dei gule LAN-portane på AM3100-B0 ved hjelp av ein Ethernet-kabel.
- Opne ein nettlesar og skriv inn 192.168.1.1 i adressefeltet for å koma til innloggingssida for fibersentralen.
- Finne brukarnamn og passord:
- Den kvite delen av sentralen kan skiljast frå den grå ved å trykka på frigjeringsknappen ("release"-tappen) og skyve den kvite delen oppover.
- På baksida av den kvite delen finn du eit klistremerke med brukarnamn og passord som trengst for å logga inn.
Merk: AM3100-B0 har ikkje innebygd Wi-Fi. For trådlaus tilkopling må du bruka ein ekstern Wi-Fi-eining, som til dømes ein eero.
Dersom du har spørsmål eller treng vidare assistanse, ta gjerne kontakt på post@heband.no eller via vårt kontaktskjema.
🔄 Ønskjer du å opna nettet igjen?
Har du hatt abonnementet og linja på pause, hjelper me deg gjerna i gang att!
Slik går du fram:
Send ein e-post til post@heband.no med følgjande informasjon:
- Fullt namn
- Adresse
- Abonnement du ønskjer
- Dato du ønskjer at nettet skal opnast igjen
Me tek oss av resten! 💬
📌 Merk:
Ved gjenopning av internett tilkjem eit gebyr på kr 500,-.
Har du spørsmål eller treng hjelp undervegs?
Ta gjerna kontakt, me er her for deg!
Hjalp guiden deg?
Leverandøren har rett til å setje i verk tiltak som kan medføre avbrot, forstyrringar eller endringar i tenesta, dersom dette vert rekna som naudsynt av tekniske, tryggleiks-, vedlikehalds- eller driftsmessige årsaker.
Leverandøren vil så langt det er mogleg varsle om slike tiltak i rimeleg tid, og gjere sitt ytterste for å avgrense ulempene for den enkelte kunden.
Hardanger Energi Breiband tek atterhald om å kunne gjennomføre oppdateringar og vedlikehald innanfor fastsette vedlikehaldsvindauge kvar tysdag og torsdag frå kl. 00.01 til 01.00, utan særskilt varsel til kundane. I desse vedlikehaldsvindauga kan det oppstå korte avbrot i tenesta.
TV
Hjå Telia finn du ei rekkje nyttige hjelpemiddel og instruksjonar som kan løysa dei fleste utfordringar. Me anbefaler at du tek ein kikk på deira hjelpesider før du kontaktar oss, då du kanskje finn løysinga på problemet der. Slik kan du raskt få hjelp utan å måtte venta.
Du finn hjelpesidene her:
https://www.telia.no/tv/hjelp/
Skulle du likevel ha behov for vidare assistanse, er du sjølvsagt velkomen til å ta kontakt med oss. Me er her for å hjelpa deg!
Med Telia Play får du eit rikt utval av kanalar inkludert i abonnementet, medan andre kanalar er valfrie. Du kan enkelt velje desse inn eller ut etter behov, slik at du alltid har tilgang til dei kanalane som passar deg best – når du vil.
Med Telia Play kan du sjå TV akkurat når og kvar du vil – om det så er heime i sofakroken, på hytta eller på farta, både i inn- og utland. Du vel sjølv kva skjerm du vil sjå på, og kva dings du vil bruke – moglegheitene er mange!
Med Telia Play kan du sjå TV på så mange einingar du vil – og du kan ha opptil fire einingar i bruk samtidig heime, og to samtidig når du er utanfor heimen. Merk at noko innhald, til dømes enkelte fotballsendingar, kan vera avgrensa til éi strøyming om gongen på grunn av rettar.
Sjå favorittprogramma dine når det passar deg, både heima og på farten. Enkelt å installera, lett å bruka, og utan behov for tradisjonell TV-boks. Ta steget inn i framtida med Telia TV via internett – perfekt for moderne heimar i Hardanger!
Har du spørsmål om Telia TV, send oss gjerna ein e-post: post@heband.no
Du finn meri informasjon om TV frå Telia på våre nettsider heband.no/tv eller hjå Telia.
Gå til Mitt innhold i sidemenyen, og gå inn på Valgmenyen. Velg TV-kanalar i toppmenyen. Velg den eller dei kanalane du ønsker seg. Trykk på Bekreft valg. Kos deg med dine kanalar. Du finn dei nye kanalane saman med dei andre kanalane dine.
Har du ikkje nok poeng? (Du har som standar 50 poeng tilgjengeleg å velgje kanalar for)
Viss du har valgt meir enn du har poeng til, kan du anten kjøpe ekstra eller oppgradera abonnementet med fleire poeng. Eller du kan velje vekk andre kanalar som vil frigjere fleire poeng. Hugs du kan velje og byte kanalar så ofte du vil.
Om du ikkje nyttar Telia boks, men Telia Play på ein anna eining. Finn du Valgmenyen oppe til høgre og kan velje kanalar her.
Du finn komplett oversikt over ulike abonnemnet og tilleggspoeng på denne sida heband.no/tv
Du finn komplett oversikt over dei ulike abonnementa og tilleggspoenga på denne sida: heband.no/tv
Her finn du rettleiing på korleis du legg til og tek i bruk strøymetenester i Telia Play.
Når du legg til kanalar og strøymetenester i Telia Play, blir dei fleste tenestene tilgjengelege med ein gong – og du kan starte å sjå med det same.
Dei største strøymetenestene krev i tillegg det me kallar ei aktivering. Det betyr at du må opprette ein konto hos tenesta og knyte denne til Telia Play. Dette gjeld til dømes Netflix, Max, Viaplay og Prime Video.
1. Legg til strøymeteneste
Via TV-boks:
- Gå til Mitt innhald
- Vel Vel innhald
- Trykk på den strøymetenesta du ønskjer, og stadfest valet
Via nettlesar:
- Gå til teliaplay.no
- Vel den strøymetenesta du ønskjer å leggje til
2. Aktiver strøymetenesta
Via TV-boks:
- Gå tilbake til Mitt innhald
- Vel den aktuelle strøymetenesta
- Ein QR-kode vil visast på skjermen – skann denne med mobilen din
Via nettlesar:
- Etter at du har lagt til tenesta, vil teksten endre seg til aktiver
- Klikk på aktiver for å starte prosessen
I begge tilfelle blir du sendt vidare til ei aktiveringsside hjå den aktuelle strøymetenesta. Følg stega på skjermen for å fullføre registreringa.
3. Logg inn og start strøyminga
Via TV-boks:
- Gå til Apper i menyen
- Vel den tenesta du har aktivert
Via nettlesar eller app:
- Gå til tenesta si nettside eller last ned appen på den eininga du ønskjer å bruke
(mobil, nettbrett, smart-TV, Apple TV osv.)
👉 Hugs å logge inn med same e-postadresse og passord som du brukte under aktiveringa.
Treng du hjelp? Ta gjerne kontakt med oss – me hjelper deg vidare!
Hørselshemmedes landsforbund har ein fin bruksanvisning for dette.
Denne bruksanvisninga gjeld gammal Telia-dekoder.
Du finn bruksanvisninga i si heilheit her: https://www.hlf.no/hjelp-i-hverdagen/teksting-pa-tv
Gammal dekoder (Telia Micro IP/HFC)
Ny dekoder (Telia BoX)
Hjalp guiden deg?
Beste løysing for å unngå at TV-en og dekodaren ikkje samarbeider
Den beste løysinga for å sikre at TV-en og Telia-dekodaren fungerer godt saman, er å koble HDMI-kabelen frå Telia-dekodaren til ein HDMI-CEC eller HDMI-ARC-inngang på TV-en din.
Hugs at denne funksjonen ofte må aktiverast i innstillingane på TV-en. Du finn som regel denne innstillinga under "Systeminnstillingar" eller "Bilde". Merk at framgangsmåten kan variere frå TV til TV.
Set opp fjernkontrollen til Telia Box eller play box for å styra TV-en
Du kan også konfigurere fjernkontrollen til Telia Box og play box slik at den styrer TV-en din.
Viktig!
- OBS! For at du skal kunne bruke fjernkontrollen til å styra TVen må TVen din være frå ein av fyljande produsentar: Samsung, Sony, LG, Phillips, Panasonic, Grundig, Finlux, Hitachi, JVC, Toshiba, Sharp og Pioneer.
- Det vil ikkje fungere å bruke fjernkontrollen til å styre TVen dersom du har eit surroundanlegg eller ein forsterkar mellom TV og boks.
Etter at du har kopla Telia Box eller play box til TVen med HDMI-kabel, skal det automatisk fungere å bruke fjernkontrollen til å styra TVen.
Styrer ikkje fjernkontrollen TVen automatisk? Prøv dette:
- Press og hald «av/på-knappen» og «OK» i tre sekund.
- Etter tre sekund, press og hold inne knappane for "Kanal opp" og "Kanal ned" samtidig, til TVen skrur seg av. Dette tar normalt nokon sekund.
- Når TVen har skrudd seg av, trykk «OK» for å fullføre sammenkoblingen. LED-lampene skal då blinka tre gongar.
Fungerer det fortsatt ikkje? Forsøk fyljande:
- Press og hald «OK» og tallkoden for din TV i minst tre sekund.
- Etter tre sekund, press og hald «Kanal opp»-knappen til TVen skrur seg av.
- Når TVen har skrudd seg av, trykk «OK» for å fullføra samankoplinga.
Tallkodar for TV-produsentane som er støtta:
- Samsung: 1
- Sony: 2
- LG: 3
- Philips: 4
- Panasonic: 5
- JVC: 6
- Grundig: 7
- Finlux: 8
- Thomson: 9
- Toshiba: 0
Hjalp guiden deg?
Forvilla deg vekk frå direkte-TV?
Telia box
Telia Play box
Ingen fare! Dette tipset fungerar alltid:
- Trykk fyrst på Heim-knappen på fjernkontrollen (den med huset på),
- Deretter trykkjer du på Direkte-knappen.
Då kjem du deg tilbake til direkte-TV og kan bla på vanlig måte og bytte mellom TV-kanalene som sender no.
Hjalp guiden deg?
Om du opplever at fjernkontrollen til Telia Play Box heng seg opp og sluttar å virka, anbefalar me at du slår av funksjonen som gjer at fjernkontrollen skal styra både TV-en din og TV-boksen.
Du kan slå av denne funksjonen på fleire måtar:
For å finna menyen går du inn på "Innstillingar", vel "Innstillingar" igjen, og trykk deretter på "Fjernkontroll".
Om ikkje dette løyser problemet, kan du prøve å halda inne denne kombinasjonen av knappar på din fjernkontroll.
Faktura
🔄 Ønskjer du å opna nettet igjen?
Har du hatt abonnementet og linja på pause, hjelper me deg gjerna i gang att!
Slik går du fram:
Send ein e-post til post@heband.no med følgjande informasjon:
- Fullt namn
- Adresse
- Abonnement du ønskjer
- Dato du ønskjer at nettet skal opnast igjen
Me tek oss av resten! 💬
📌 Merk:
Ved gjenopning av internett tilkjem eit gebyr på kr 500,-.
Har du spørsmål eller treng hjelp undervegs?
Ta gjerna kontakt, me er her for deg!
Hjalp guiden deg?
Hardanger Energi Breiband fakturerer månadleg i starten av kvar månad. Det betyr at me fakturerer for abonnementet ditt på forskot. Alle fakturaer som vert sende ut frå oss, har vanlegvis 14 dagar frå fakturering til forfall. Per dags dato er det ikkje mogleg med kvartalsvis fakturering, men på sikt vil det bli mogleg å velja ulike frekvensar for faktureringa. Me vil vere dei fyrste til å informera dykk når dette er klart.
For kundar som har Telia TV gjennom oss som partner, kjem dette på same faktura som breiband eller fiber.
Korleis faktura vert sendt, kjem an på kva reglar du som kunde har sett opp i nettbanken din.
Me sender faktura per post, e-post, e-faktura og EHF. Som standard vert faktura sendt som e-faktura, med mindre du har bedt oss om å endra dette eller har reservert deg mot det i nettbanken.
Ønskjer du å endra måten du får faktura på, kan du nytta supportskjemaet vårt eller senda oss ein e-post med endringa.
Hugs å ta med namn, kundenummer, adresse, e-post, mobilnummer og fødselsdato.
Du inngår avtale om avtalegiro med banken din. Avtalegiro er å anbefala om du ikkje ønskjer å godkjenna faktura for at den skal bli betalt. Om du har oppretta avtalegiro i nettbanken din, vil fakturaen automatisk bli trekt ved forfall.
For å oppretta avtalegiro, legg du inn fakturaen til forfall som normalt, og i dei fleste nettbankar vil du i etterkant bli spurt om å oppretta avtale om avtalegiro. Du får beskjed frå banken din når avtalen trer i kraft. Inntil avtalen er aktivert, må du betale fakturaen manuelt.
Når du har oppretta avtalegiro på fakturaen, vil du ikkje lenger få fysiske brev i posten eller på e-post om trekket, med mindre du ber om det i avtalen med banken. Dette kjem av at avtalegiro er ein elektronisk betalingsavtale som gjer at beløpet automatisk blir trekt frå kontoen din på forfallsdatoen. Dette reduserer både papirarbeidet og arbeidsmengda vår. Om du framleis ønskjer fakturakopi, kan du kontakte banken din eller oss for å aktivera det.
Me sender automatisk fakturaen din som e-faktura, med mindre du har bedt oss endra det eller du har reservert deg i nettbanken din. E-faktura er ein elektronisk faktura som blir sendt direkte til nettbanken din, i staden for å koma i posten. Du kan enkelt godkjenna og betala denne fakturaen direkte frå nettbanken din, noko som sparar tid og reduserar papirbruk.
Om du ikkje får motteke e-faktura frå oss, kan det vere behov for å oppdatera kundeinformasjonen din hjå oss. Ynskjer du e-faktura? Send oss ein e-post eller kontakt oss via vårt kontaktskjema. Du kan oppdatere din kundeinformasjon her: heband.no/kundeinformasjon
Me kan endra eller overføra abonnementet ditt. Bruk gjerne vårt skjema for support eller send ein e-post til post@heband.no med endringane. Ved overføring av abonnement til ein ny kunde må de senda inn namn, adresse, e-post, mobilnummer og fødselsdato på den nye kunden. Fødselsdato er naudsynt for utsending av eFaktura. Send gjerna frå kva dato du ønskjer at overføringa skal gjelde frå.
Som ny kunde godkjenner du samtidig våre Leverings- og abonnementsvilkår
Dersom du har eFaktura-avtalar eller EHF, vil desse automatisk flyttast til den nye banken din. Ver merksam på at tidlegare betalingshistorikk ikkje vert flytta til den nye banken. Om du vil behalda kopi av tidlegare godkjende e-Fakturaer, er det viktig at du lagrar dei, skriv dei ut eller på annan måte tek vare på dei sjølv. Du finn også oversikt over alle dine faktura på https://minside.heband.no/
På minside.heband.no kan du no registrera deg som brukar av Hardanger Energi Breiband si Mi side-løysing.
Ved å klikka på «Registrer ny brukar» kan du skriva inn mobilnummeret ditt (anbefalt) eller e-postadressa di. Du vil då få tilsendt eit passord på SMS eller e-post (dette kan du endra under Min profil).
På Mi side får du tilgang til:
– Kopi av alle fakturaer
– Oversikt over produkta og tenestene dine
– Moglegheit til å endra adresse dersom me har feil informasjon registrert
TV-kundar får i tillegg oversikt over og moglegheit til å redigera Telia-produkt. Under Rediger Telia-produkt kan du velja mellom ulike kanalar og strøymetenester.
Får du ikkje tilgang til Mi side, skuldast det truleg at me ikkje har registrert mobilnummeret eller e-posten din. Send oss gjerne ein e-post med denne informasjonen til post@heband.no, så ordnar me det.
E-post
Hardanger Energi Breiband har ikkje eigen e-postteneste som blir vidareutvikla, og tilbyr difor ikkje oppretting av nye e-postadresser. Me anbefaler gratis e-posttenester som til dømes Gmail dersom du ønskjer ny e-postadresse.
E-posttenesta som Kinsarvik Breiband og Okapi hadde tidlegare, blir vidareført og vedlikehalden.
Me anbefaler at du brukar webmail for enklare tilgang. Med webmail slepp du å legga inn innstillingar, og du kan logga inn på nett for å lesa e-posten din når og kvar som helst.
For kinsarvik.net og lofthus.no-adresser, gå til: Webmail
For alle dei andre, gå til: Webmail
Om du likevel har behov for å legge inn eller endra innstillingar, finn du informasjonen under.
Oppsett av e-post (ikkje kinsarvik.net og lofthus.no)
Du finn oppsett og rettleiing av e-postklient her
Oppsett for kinsarvik.net og lofthus.no
E-postinnstillingar for Kinsarvik.net og lofthus.no adresser:
Det finst mange ulike e-postprogram med ulike oppsett. Innstillingane for brukarnamn og passord er like for både POP- og IMAP-kontotype:
- Brukarnamn: Heile e-postadressa di, t.d.: kari.nordmann@lofthus.no / ola.nordmann@kinsarvik.net
- Passord: Om du ikkje hugsar passordet ditt, kan du nytte vårt skjema for support eller e-post og be om nytt passord. Du vil då få tilsendt nytt passord på SMS.
Innkommende tjener(verts)navn:
IMAP host: mail.kinsarvik.net
IMAP port: 143 (STARTTLS) eller 993 (SSL/TLS)
Utgående tjener(verts)navn:
SMTP host: mail.kinsarvik.net
SMTP port: 587 (STARTTLS) eller 465 (SSL/TLS)
Ved spørsmål om pålogging eller godkjenning, bruk det same som i brukarnamn og passord.
Slik finn du lagra e-postpassord i Thunderbird:
Opne Thunderbird.
Trykk på ☰ menyknappen oppe til høgre.
Vel Innstillingar.
Gå til Personvern og sikkerheit.
Finn seksjonen Passord.
Trykk på Lagra passord.
Trykk på Vis passord.
Stadfest når Thunderbird spør.
Den enklaste måten du kan lesa e-posten din på, er via webmail på nettet. Med webmail har du tilgang til e-postane dine uansett kor du er, og kva eining du har tilgang til. Du treng berre Internett, så kan du logga på med brukarnamn og passord.
For kinsarvik.net og lofthus.no-adresser, gå til: Webmail
For alle dei andre, gå til: Webmail
Om du har problem med å senda eller motta e-post, er det truleg feil i oppsettet for anten inngåande eller utgåande server for e-post. Det finst mange ulike e-postprogram med ulike oppsett. Innstillingane for brukarnamn og passord er like for både POP- og IMAP-kontotype. Har du e-postadressa frå ein annan leverandør, må du i oppsettet sjekka at du har skrive riktig domene for e-posten. Du finn riktig oppsett hjå leverandøren din. Under finn du oppsett for våre domene.
Me anbefaler at du brukar webmail for enklare tilgang. Med webmail slepp du å legge inn innstillingar, og du kan logge inn på nett for å lesa e-posten din når og kvar som helst.
For kinsarvik.net og lofthus.no-adresser, gå til: Webmail
For alle dei andre, gå til: Webmail
Oppsett av e-post (ikkje kinsarvik.net og lofthus.no)
Du finn oppsett og rettleiing av e-postklient her
Oppsett for kinsarvik.net og lofthus.no
E-postinnstillingar for kinsarvik.net og lofthus.no adresser:
Det finst mange ulike e-postprogram med ulike oppsett. Innstillingane for brukarnamn og passord er like for både POP- og IMAP-kontotype:
- Brukarnamn: Heile e-postadressa di, t.d.: kari.nordmann@lofthus.no / ola.nordmann@kinsarvik.net
- Passord: Om du ikkje hugsar passordet ditt, kan du nytte vårt skjema for support eller e-post og be om nytt passord. Du vil då få tilsendt nytt passord på SMS.
Innkommende tjener(verts)navn:
IMAP host: mail.kinsarvik.net
IMAP port: 143 (STARTTLS) eller 993 (SSL/TLS)
Utgående tjener(verts)navn:
SMTP host: mail.kinsarvik.net
SMTP port: 587 (STARTTLS) eller 465 (SSL/TLS)
Ved spørsmål om pålogging eller godkjenning, bruk det same som i brukarnamn og passord.
Ved behov kan me generera eit nytt passord til deg eller hjelpa deg med å finna brukarnamnet ditt til e-posten.
Bruk kontaktskjemaet vårt eller send oss ein e-post, og meld inn kva det gjeld. Me sender deg då ny informasjon så snart som mogleg.
Merk: E-post er personleg, og me gir ikkje ut passord eller liknande til andre enn eigaren av e-posten.
Det er difor viktig at det er eigaren av e-posten som tek kontakt med oss.
Gjeld domena lofthus.no og kinsarvik.net.
På desse domena har du maks 1 GB diskplass på e-postserveren din. Når disken er full, kan du oppleva at du ikkje får motta eller sende e-post. Då må du slette e-postar frå innboksen din. Den raskaste og mest effektive måten å slette e-post på er gjennom Webmail-programmet. Dette har du som kunde tilgang til, og du loggar deg inn med e-postadressa og passordet ditt.
Webmail
Her får du i tillegg til e-postane dine tilgang til å endra passord, sjå diskplass m.m.
Sjå film om korlies slette e-post. Korleis slette e-post
Hjalp guiden deg?
Kundeforhold
🔄 Ønskjer du å opna nettet igjen?
Har du hatt abonnementet og linja på pause, hjelper me deg gjerna i gang att!
Slik går du fram:
Send ein e-post til post@heband.no med følgjande informasjon:
- Fullt namn
- Adresse
- Abonnement du ønskjer
- Dato du ønskjer at nettet skal opnast igjen
Me tek oss av resten! 💬
📌 Merk:
Ved gjenopning av internett tilkjem eit gebyr på kr 500,-.
Har du spørsmål eller treng hjelp undervegs?
Ta gjerna kontakt, me er her for deg!
Hjalp guiden deg?
Me kan endra eller overføra abonnementet ditt. Bruk gjerne vårt skjema for support eller send ein e-post til post@heband.no med endringane. Ved overføring av abonnement til ein ny kunde må de senda inn namn, adresse, e-post, mobilnummer og fødselsdato på den nye kunden. Fødselsdato er naudsynt for utsending av eFaktura. Send gjerna frå kva dato du ønskjer at overføringa skal gjelde frå.
Som ny kunde godkjenner du samtidig våre Leverings- og abonnementsvilkår
På minside.heband.no kan du no registrera deg som brukar av Hardanger Energi Breiband si Mi side-løysing.
Ved å klikka på «Registrer ny brukar» kan du skriva inn mobilnummeret ditt (anbefalt) eller e-postadressa di. Du vil då få tilsendt eit passord på SMS eller e-post (dette kan du endra under Min profil).
På Mi side får du tilgang til:
– Kopi av alle fakturaer
– Oversikt over produkta og tenestene dine
– Moglegheit til å endra adresse dersom me har feil informasjon registrert
TV-kundar får i tillegg oversikt over og moglegheit til å redigera Telia-produkt. Under Rediger Telia-produkt kan du velja mellom ulike kanalar og strøymetenester.
Får du ikkje tilgang til Mi side, skuldast det truleg at me ikkje har registrert mobilnummeret eller e-posten din. Send oss gjerne ein e-post med denne informasjonen til post@heband.no, så ordnar me det.
Me har inga bindingstid på våre abonnement. Ved endring av abonnement vert du fakturert for det nye abonnementet frå den dagen endringa vert aktivert. Dersom du allereie har betalt for det gamle abonnementet over ein periode, vil det koma ein korreksjon knytt til abonnementsendringa på neste faktura.
Oppgradering av abonnement er alltid kostnadsfritt og vert gjennomført så raskt som mogleg etter motteke melding. Gje oss beskjed dersom du ønskjer at oppgraderinga skal skje frå ein spesifikk dato. Raskaste måten er å sende oss ein e-post på post@heband.no eller bruke vårt kontaktskjema.
Nedgradering av abonnement vert gjennomført så fort som mogleg etter motteke førespurnad, eller på ein seinare dato om du ønskjer det.
Du vil alltid motta ei stadfesting med informasjon om endring når saka er behandla.
Det er alltid oppdaterte prisar og oversikt over kva me kan tilby på våre nettsider. heband.no
Ta kontakt med oss om du ønskjer rettleiing på kva som er det beste abonnementet for deg.
Dersom du ønskjer å seia opp breibands- eller TV-abonnementet sitt, må oppseiinga sendast skriftleg til post@heband.no.
For breiband/fiber abonnementa har me ei oppseiingstid som gjeld inneverande månad pluss ein månad frå datoen me mottek oppseiinga per e-post. Ved oppseiing av TV-abonnement varer abonnementet ut den månaden me mottek oppseiinga.
Me oppmodar kunden om å opplysa om årsaka til oppseiinga. Dersom det gjeld feil, manglar, pris eller opplevinga av tenesta, er tilbakemelding svært verdifull slik at me kan forbetra oss.
Dekning og utbygging
Hardanger Energi Breiband leverer internett og TV frå Telia med Telia play til husstandar i Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin. Me leverer internett via fiber, antenne eller kabel-TV. Det varierer i området vårt kva type tilkopling og fart me kan levera. Med fiber kan me tilby abonnement med fart frå 100 Mbit til 1000 Mbit. Med antenne eller kabel-TV kan me tilby fart frå 50 Mbit til 80 Mbit, avhengig av kva type sendar som er i ditt nærområde. Me har eigne fritidsabonnement for hytter og registrerte fritidsbustadar. Me tilbyr òg gunstige pakkeløysingar for internett + TV. Du kan sjekka ut pakkeprisane våre på heband.no.
Fritidsabonnement gjeld berre for hytter og fritidsbustader. Abonnementet er for eigedomar som ikkje blir brukte som heilårsbustad eller til næring, og det er tilpassa variabel bruk i feriar og helgar.
Du kan bestilla internett og TV på våre nettsider. Er du usikker på kva type tilkopling me kan tilby? send ein e-post til post@heband.no. Så svarer me så snart som mogleg.
Når me snakkar om farten på internett, handlar det om kor raskt data kan bli overført. Mbit står for megabit per sekund, og det fortel deg kor raskt du kan lasta ned og overføra data. Jo høgare Mbit/s, jo raskare er internettet ditt. Vel den hastigheita som passar dine behov best.
Hardanger Energi Breiband har fleire små og store fiberutbyggingsprosjekt i 2025.
Blant anna kan du no bestille fiber med gratis etablering på følgjande stader:
- Sjoarvegen på Lofthus: heband.no/sjoarvegen
- Hydle i Ulvik: heband.no/hydle
- Garane i Kinsarvik: heband.no/garane
Det vil òg kome andre prosjekt i løpet av året, blant anna i store delar av Kinsarvik.
Det er starta gravearbeid frå Flisabakken over Sekse til Hovland.
Kundar i områda der me bygger fiber, vil bli kontakta i god tid med eit tilbod.
På Lofthus kan me tilby fiberoppkopling til Legene, Hordatun, Osen, og store delar av Opedal, heilt fram til Opedal skule. I tillegg er det mogleg med fiber på Frøynes. For bestilling anbefaler me at du går inn på våre nettsider heband.no/privat, og for fritidsabonnement kan du bestille det på heband.no/fritid.
I løpet av 2026 vil det også vere mogleg for kundar i delar av sentrum og heile Sjoarvegen å koble seg på fiber. Om du treng meir informasjon om fiber i Sjoarvegen, eller ønskjer å bestille, kan du gjere det på heband.no/sjoarvegen.
Har du spørsmål du ikkje finn svar på her, send oss gjerne ein e-post til post@heband.no, så svarer me så snart som mogleg.