Planlagt kritisk vedlikehald fører til utfall på internett

Planlagt tysdag 25. august kl. 00:30–06:00

Grunna naudsynt og kritisk vedlikehald på utstyr i nettet vil det bli periodar med utfall for kundar i områda Bu–Tyssedal, Utne–Digranes og Oksenhalvøya.

TV og strøyming

Hardanger Energi Breiband er leverandør av Telia TV. Med Telia Play får du alle favorittane dine samla på éin stad.

Alt i ein pakke

Telia play annonse banner

Alt i ein pakke

Har du Telia Play, har du alt

Byt frå HBO Max til Viaplay, til Netflix, til SkyShowtime — rett frå fjernkontrollen i Telia Play. Alt er ein del av same abonnement, slik at du kan sjå kva du vil, når du vil.

TV-kanalar

Eit rikt utval, og du styrer sjølv

Med Telia Play får du eit rikt utval av kanalar inkludert i abonnementet, medan andre kanalar er valfrie. Du kan enkelt velja desse inn eller ut etter behov, slik at du alltid har tilgang til dei kanalane som passar deg best — når du vil.

Sjå kvar du vil

Med Telia Play kan du sjå TV akkurat når og kvar du vil — om det så er heime i sofakroken, på hytta eller på farten, både i inn- og utland. Du vel sjølv kva skjerm du vil sjå på, og kva eining du vil bruka.

Fleire einingar samtidig

Du kan sjå Telia Play på så mange einingar du vil, og ha opptil fire einingar i bruk samtidig heime og to samtidig når du er utanfor heimen. Merk at noko innhald, til dømes enkelte fotballsendingar, kan vera avgrensa til éi strøyming om gongen på grunn av rettar.

Vel kanalar

Med dei 60 poenga som er inkluderte i abonnementet ditt, kan du velja fritt blant meir enn 70 kanalar og byta dei inn og ut så ofte du vil.

60 poeng inkludert

Med Telia Play kan du byta mellom favorittane dine så ofte du vil. Abonnementet ditt inkluderer poeng som du fritt kan bruka til å velja innhald.

Premiumtenester

Meir sport, fleire seriar og filmar

For deg som vil ha endå meir sport, fleire seriar og filmar. Som Telia partner-kunde kan du bestilla premiumtenester ved å senda e-post til post@heband.no.

Familie som ser på TV

Telia Play Box

Strøyme- og TV-boks med 4K

Fjernkontroll med Bluetooth og stemmestyring. Telia-boksen (tidlegare kalla Get-boks) er den førre utgåva av strøyme- og TV-boksen. Mange funksjonar er like, men det er òg nokre forskjellar, både på fjernkontrollen og på sjølve boksen.

Telia Play Box

Etablering
499 kr
Leige
49 kr per månad

Må eg ha Telia Play Box?

Neidå — du kan sjå på Telia Play via appen på mobilen, PC, smart-TV, Apple TV eller Chromecast. Merk at ikkje alle smart-TV-ar støttar Telia Play-appen, og at du må ha tilgang til internett.

Telia Play

Me kan levera Telia Play TV til alle husstandar i området vårt. Du kan ha fleire Telia-boksar i same husstand på eitt abonnement. Prisane våre er per månad inkl. mva.

Administrering av abonnementet

Kanalar og strøymetenester

Administrering av kanalar og strøymetenester kan du gjera direkte på Telia-eininga di eller i Telia Play.

Endringar går via oss

Sidan abonnementet ditt ligg hjå oss som partnar, må du ta kontakt med oss dersom du ynskjer endringar i abonnementet eller vil kjøpa fleire poeng.

Premiumtenester

Det same gjeld dersom du ynskjer å leggja til premiumtenester.

Tilleggspakkar

Du kan leggja til ekstra poeng i tillegg til dei 60 du har frå før.

Ekstra poengTilleggTotalt per månad
10 poeng25 kr624 kr
20 poeng50 kr649 kr
40 poeng100 kr699 kr
60 poeng149 kr748 kr
80 poeng200 kr799 kr
150 poeng375 kr974 kr

Prisane er per månad inkl. mva. Send oss ein e-post på post@heband.no for å bestilla ekstra poeng.

Spørsmål om TV og strøyming?

Ta kontakt, så hjelper me deg med å finna rett pakke.

Kontakt oss