Planlagt kritisk vedlikehald fører til utfall på internett

Planlagt tysdag 25. august kl. 00:30–06:00

Grunna naudsynt og kritisk vedlikehald på utstyr i nettet vil det bli periodar med utfall for kundar i områda Bu–Tyssedal, Utne–Digranes og Oksenhalvøya.

Premium WiFi

Eero mesh gir jamn og stabil dekning i heile heimen — utan døde soner.

Kvifor velja mesh?

Dekning i heile huset

Ein vanleg ruter gir ofte dårleg dekning i ytterkantane av bustaden. Mesh brukar fleire einingar som saman utgjer eitt og same nettverk, slik at du har full dekning uansett kvar du er.

Wi-Fi 6

Eero støttar Wi-Fi 6, som gir høgare kapasitet og betre yting når mange einingar er tilkopla samtidig — strøyming, gaming, heimekontor og smarte einingar på same tid.

TrueMesh

TrueMesh-teknologien flyttar deg automatisk til den eininga som gir best signal, slik at du slepp fråkoplingar når du beveger deg rundt i huset.

Enkelt å utvida

Treng du betre dekning i kjellaren, på loftet eller i garasjen, legg du berre til ei eining til. Me leverer og monterer ferdig klart til bruk.

Pris

Tal einingarEtableringLeige per månad
1 eeroGratis49 kr
2 eero449 kr98 kr
3 eero449 kr147 kr
4 eero449 kr196 kr

Etableringa er gratis på den første eininga. Bestiller du to eller fleire, kjem 449 kr i etablering i tillegg.

Bestill eero mesh

For eksisterande og nye breibandskundar av Hardanger Energi Breiband.

Bestill eero